Verdsmeisterskapen i orientering 1966

Verdsmeisterskapen i orientering 1966, den aller fyrste i sitt slag, vart avvikla i Fiskars ved Pohja i Finland den 1. og 2. oktober. Deltakarane kom frå 11 land i Europa; Austerrike, Aust-Tyskland, Bulgaria, Danmark, Noreg, Storbritannia, Sveits, Sverige, Tsjekkoslovakia, Ungarn og arrangørlandet Finland. I dei individuelle tevlingane stilte 58 karar og 35 kvinner til start.

Åge Hadler frå Bergen vart den aller fyrste verdsmeisteren i orienteringsløp for menn. Noreg fekk elles bronseplassen i stafettane for både menn og kvinner.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy